Ein vanleg juli-onsdag i Helvete - 2003
 (jettegrytene i Espedalen)
 


www.otta2000.com
(Juli 2003) 
               

 
  Jettegrytene 

Jettegrytene sør i Espedalen ligg om lag 200 meter frå riksveg 255. 
Ein fin rundtur - med ein avstikkar til denne naturperla - startar frå Vinstra, følgjer vegen opp til Fefor høgfjellshotell, vidare etter Peer Gyntvegen forbi Lomsetra og Hattdalssetrene til Espedalen ved Dalseter, - derifrå sørover Espedalen på riksveg 255 (med ein stopp på Verksodden - sentrum for nikkelverket på attenhundretalet) før ein kjem til "Helvete" nokre kilometer lenger sør.
Etter å ha sett jettegrytene kan ein så velje ein kort variant - om Svatsum og tilbake om Børkdalen (bomveg), langs Gålåvatnet, vidare om Vollsdammen og ned til Vinstra. - Eller ein kan køyre vidare til Aulestad (Bjørnstjerne Bjørnson), Fåberg og attende E6 gjennom Gudbrandsdalen.

 

Litt historikk om Helvete

Ved slutten av siste istid rann ikkje Vinstra ned i Gudbrandsdalen, - men gjennom Espedalen, gjennom Gausdal og ut i Mjøsa omlag åtte kilometer sør for Lillehammer. Det var på denne tida dei veldige jettegrytene, dei største i Nord-Europa vart til.
Det må ha vore ei voldsom elv på denne tida, - jettegrytene er over 20 meter i diameter og førti meter djupe! 

For omlag 9000 år sidan braut elva seg nytt far, austover gjennom ein morenerygg i Skåbu, og grov ut dalføret ned til det som i dag er tettstaden Vinstra - og Gudbrandsdalslågen. 

Det som vart det nye elvefaret -  er og eit imponerande syn - det veit den som har køyrd riksvegen frå Skåbu til Vinstra.

 

         

 

I ei hundre meter djup kløft ligg dei enorme jettegrytene

 

Ny kafé og kiosk - Inngangen til "Helvete"

               

 

   
 

Det siste året (2003) har mykje vorte gjort for å gjera tilgangen til området betre og tryggare.
Eit nytt servicebygg er sett opp - med kafé, informasjonstavler, moderne sanitæranlegg og ny parkeringsplass. Nye tropper og meir rekkverk er kome på plass- Og det kjem godt med, - sist år vitja omlag 7000 personar staden.
I tilknyting til jettegrytene finn ein og ein park med rikeleg med bord og benkar for dei som vil raste der. For ungane er det ulike leikeaktivitetar, - og dei vil og møte husdyr som geit, sau, gås m.m i sitt naturlege miljø.
 

 
     
 
 

 

I botnen er det laga plankebruer slik at ein kjem seg fram til dei inste jettegrytene

 

               

 
       
 
 

 

Det er ei trolsk stemning nede i grytene. 

 

               

     
 
 

 

Mellom bergkantane ser ein sollyset

 

               

     
 
 

 

"Ute"-delen av kafeen er solid laga.

 

Denne slektningen av "Blåmann" møtte meg inne i parken, sky og nysgjerrig på same tid.
 

Ein lyt få briske seg litt av og til.
 

Det er godt med plass til parkering

 

               

 

Her finn du meir informasjon om "Helvete" og Espedalen:  http://www.helvete.info