(utgjeve av Mållaget Ivar Kleiven)


Slaget i Kringen:
      - tømmerveltene - Lady Sinclair -  Pillarguri, kva er segn og kva er
        sanning?
Lalm rundt 1930
     - Korleis var det å vekse opp der, - med ein skuleveg på vel mila fram og
       attende.
Kristian Prestgard
     - heidølen som vart redaktør for Decorah-posten i USA
Tjuvveigen i Holongsøyom
     - og Bøla på Rustom
Einar Johansen Mo (1821-1892)
      - Omgangsskulelæraren og postopnaren i Vågå. Han var halv "krypling"
        til beins fortel Ivar Kleiven. Difor måtte mor hans bera han på ryggen
        til skulen da han var liten. Han vart ein dyktig lærar i 43 år i Vågå.
"Gjømme Stein"
      - og ti-tolv andre folkeleikar frå Sel samla av Peter Christen Asbjørnsen
Vågå rundt 1900
      - korleis levde og festa vagverane ved århundreskiftet?
Bortimot 100 gamle Vågå-ord:
     - "årøyte", "å bemle" ...
Det første amerikabrevet i Heidal
     -

Om alt dette og meir til kan du lese i
"- sagt og skrivi gjennom ti'in"

 

 

 

 

 

Illustrasjonsfoto Vågå: - Sygard Storrvik sett frå austsida av Vågåvatnet.

Web: Geir Neverdal
www.otta2000.com


               

 

Den 13. årgangen er å få kjøpt hos Mari Lien, 2682 Lalm
(tlf. 61 23 90 68), eller hos Libris på Otta.

Fram til 1907 var Vågå, Sel og Heidal ein kommune og mykje av stoffet vil såleis vera av interesse for heile denne delen av Gudbrandsdalen.

Snart 400 år sidan slaget ved Kringen (1612-2012)

Den første teksten, - om slaget ved Kringen og Ivar Kleivens bok "Frå Skotteåre" er aktuell no, ettersom vi snart skal ha eit 400-årsjubileum for denne hendinga.
Hodne tek føre seg kildegrunnlaget og ser nærare på nokre av dei elementa som nyare forskarar stiller spørsmål ved.
 

ISBN-13: 978-82-993347-6-1


 er å få kjøpt hos :

Mari Lien, 2682 Lalm
(tlf. 61 23 90 68)
Kr 80,- (+ev.porto)

Otta Libris

Minne frå Lalm

Det kunne vera hardt for ein sjuåring å traske gjennom snø og snøfokk frå norda Snerle til fastskulen på Lalm fyrst i trettiåra. Midtvinters kunne det òg vera både mørkt og kaldt.
Det var medan Ellen Hansen styrde i småskulen og Lars Folkedal i storskulen der.
Jørgen Espelund fortel levande om skulevegen sin, men nyttar og høvet til å gje oss mange minneglimt frå det gamle Lalm.
- Tida da Aksel Lundh med "maskinhåmåren" sin laga mjølkespann og baljer og andre nyttige ting for bygdafolket,
- da det var telefonsentral og kafé i Bruviktunet
- og da det berre var ein løypestreng over Ottaelva til erstatning for brua som reiste i 1929

 

Illustrasjonsfoto.
Biletet er teke frå svingen ved Snerle og syner delar av skulevegen t
il Jørgen Espelund som den gongen var 6-7 år gammal
Tettstaden Lalm med skulen er ikkje synleg men ligg lengst til høgre bak i biletet.

 

Amerikabrev

- Vi som bur i Gudbrandsdalen har mest alle slektningar i Amerika. Slik sett er "Det første amerikabrevet i Heidal" interessant. Her møter vi ikkje berre brevet frå Arne Hågå, - vi får ei humoristisk men òg gripande beretning om kva denne utvandringa førde med seg for menneska i fjellbygda - og om den 12 år gamle "skriftlærde" Kristian som må  formidle innhaldet i brevet til foreldra hans. - Han må etterpå føre svarbrevet i penn.
Han er så flink til å "daktere" heiter det i bygda (dyktig til å få stil og sving på brev og lignande).
Mange, serleg av dei eldre, var ikkje skrive- og leseføre i tida like etter 1870, difor lyt Kristian òg ta på seg skrivinga av kjærleiksbrev til Arne, noko han får eit par praktfulle "brigda" hosoband for.
(Her kan du lesa meir om Kristian)

Svein Holen

Inntrykk gjer òg diktet til Svein Holen "Held du omkring meg".
Ottadalen har gjennom dei siste tre hundre åra fostra mange skriveføre personar - og her har Vågå ein lyrikar som eg gjerne les meir av.


 
Sjå heile innhaldslista

Redaktørar:
Mari Lien og
Gudmund Harildstad

I redaksjonen elles:
Gjertrud Skogen og
Ivar Schjølberg

 

   
  
         

 

Bergje-gardane - i nørdre Nordherad
med Sundbrua og Sjårdalsvegen i bakgrunnen

 

               

 

 

Innhaldsliste    
 

  Ørnulf Hodne Slaget ved Kringen  
  Jørgen Espelund Minne frå skulveigen på Lalm  
  Halvdan Koht Tore Steine  
  Frå Folkevennen 1898 Gjennem Våge  
  Svein Holen Held du omkring meg. Dikt  
  Halvard Grude Forfang Kristian Prestgard  
  Reidar Th Christiansen. Visdomsord frå Lom og Vågå  
  Einar Kleiven Gåmålt frå Holongsøyom  
  Mathias Øvsteng Tre i Norge ved to av dem  
  Ivar Kleiven Einar Johansen Mo  
  Truls Gjefsen Asbjørnsen samla folkeleikar i Sel  
  Einar Kleiven og Gudmund Harildstad Vågå-ord etter Ivar Kleiven  
  Kristian Prestgard Det første amerikabrevet  
  Frå årbok for Gudbrandsdalen 1971 Gamle ord frå Sel  
  Andreas Bjørkum Ordtydingar  
  Resultat av ordtydingskonkurransen under Vågådågå i 2006 Kan du vågåmålet?

 


Tips:

Dersom du leiter etter eit ord, eit uttrykk, eller ein link på ei side med mykje tekst kan du gjera følgjande:
Hald nede
Ctrl-knappen på tastaturet og trykk f
Da vil følgjande kome opp:

Skriv inn søkjeord/uttrykk og trykk "Søk etter neste". 
Du vil da bli vist neste førekomst av ordet/uttrykket 

 

Bedrifter 

Kommunikasjon (Buss/Tog etc.)

Sport/Idrett/Foreninger/Lag

Forretninger

Reiseliv/Turisme

Stat/Fylke

Helsetjeneste/Legekontor

Sel Kommune

Utenlandske sider 

Hjemmesider

Skoler/Undervisning

Diverse (art. etc.)

 

 

www.norwegen1.com
www.links4students.com
www.grancanaria2000.com
www.otta2000.com
  
www.grytting.com

 

(Dette nettstedet har ikke ansvar for innholdet på de sidene det lenkes til)

© 

Start