Kristian Prestgard (1866-1946)

Ein takk til Gudmund Harildstad for løyve til å nytte bilde frå boka.
 

 

 


Heidølen
- som frakta dynamitt til Bjørnstjerne Bjørnson,
- som gjekk på folkehøgskule i Danmark saman med Per 
  Sivle,
- som i stor målestokk dyrka fram nye typar gladiolus i USA
- og som  var redaktør og  sjefredaktør i
Decorah-Posten, -
  den viktigaste norsk-språklege avisa i USA gjennom ein
  mannsalder.

Om dette og mykje meir kan du lese i boka:

"Fra Heidal til Decorah - Veien jeg gikk"
Redigert av Gudmund Harildstad
(ISBN: 82-91375-06-2)
 

 

 


 Webartikkel: Geir Neverdal
www.otta2000.com

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Litt om Kristian Prestgard (1866-1946) og Heidal:

Dårlege "odds"

Det låg ikkje akkurat i korta at guten som i slutten av april 1866 vart fødd på Søre Harildstad i Heidal skulle ende opp som redaktør i ei av dei viktigaste norske avisene i USA.

Heidal var ein utkant i eit lite land i utkanten av Europa, og Kristian seier sjølv i ei av bøkene sine at det var "ytterst sjelden at noen fremmede forvildet seg inn i dalen, og det hendte kanskje enda sjeldnere, at noen av bygdens egne folk forvildet seg ut av dalen."

Han mista far sin tidleg og mor hans flytta tilbake til Prestgard der Kristian så voks opp. - Eit liv med gardsarbeid, seterliv og naturopplevingar slik som mange andre gutar hadde det i fjellbygdene i 1870-åra.

Interessant er det han fortel om Heidals fyrste turist, jule- og påskeskikkar, seterferd, fisking på Mæringsdalsvatnet, bygdehandverkarar, kveldseto, fekarar og mykje anna.


Avsides

På denne tida fanns det ingen bilar og ingen bilveg til Heidal. Skulle ein ut av bygda måtte ein gå - og det var fleire dagsmarsjar til Lillehammer.
Dei fyrste avisene tok til å dukke opp men det vart rekna for å vera ei brennfersk utgåve om Lillehammers Tilskuer berre var tre dagar gamal når den kom fram til dalen.
- Det næraste posthuset var i Vågåmo og dit var det seksten kilometer til fots for den som skulle hente post og aviser til bygda - det vil seie ein tur på vel tre mil fram og attende.
Vinterstid var nok arbeidet som postberar litt av eit slit.


P. Chr. Asbjørnsen og J.B. Barth

Lyst til boka fekk Kristian gjennom naturskildringane til P. Chr. Asbjørnsen og J.B. Barth. Han vart etter kvart kjent med Barth sjølv.
Bjørnsons bondenoveller var og omtykt lesnad.

Mykje lesestoff var det elles ikkje i grenda, men ei lita bygdeboksamling berga han ei stund. Eit storhende var det da han i nokre gamle kister på loftet i Prestgard fann ei samling av gamle "Almuevennen", "Skilling-Magasinet" og "Fram" - blad som far hans hadde halde medan han enno levde.
 

Framsynte gardbrukarar - "Tutarhornet" og Samtalelaget

Sume av gardbrukarane i Heidal tok til å samlast nokre gonger i vinterhalvåret. Etter ein felles middag fylgde eit foredrag eller opplesnad av nyttige artiklar t.d. frå eit landbruksblad.
Desse vaksne karane hadde nok merkt seg bokinteressene til Kristian, for dei fekk guten til å redigere eit handskrive blad for Samtalelaget:
"Tutarhornet".

Etter ei stund utvida dei interessene til å gjelde nyare litteratur - og Kristian fekk ny stilling: Litterær konsulent, han skulle foreslå bøker, kjøpe dei frå Oslo og fordele dei til dei vaksne medlemene på møtene.
Desse gardbrukarane las og diskuterte slik dei nyaste verka til
Ibsen, Bjørnson, Lie, Kielland, Garborg og mange andre.
 

Ei sink-kasse for ettertida

Da ein av medlemene nokre år seinare (omlag 1887) sette opp eit nytt fjøs, kontakta han Kristian Prestgard, - som det året gjekk på folkehøgskule i Askov i Danmark, og ba om nokre utgåver av "Tutarhornet". Han ville mure dette inn i ei sink-kasse i den nye fjøsmuren.

Blada fekk han, - og kan hende finns det enda i dag eit sinkskrin med desse heftene, - saman med ei oversikt over gardshistoria, nokre utgåver av Lillehammeravisene frå andre halvdel av 1880-talet og omtale av ein del andre Heidalsgardar - i fjøsmuren på Harlaug.


Ut av bygda - heilt til Ruste

Som 15-åring  gjekk han den fire mil lange vegen til Fronsbygda Ruste - til Stor-Lunde, der han budde medan han var elev ved Gudbrandsdalens Amtsskole - som det året heldt til på garden Bryn.
Heimvegen var da så lang at han ikkje kom attende til Heidal før til jul - tre månader seinare. Han fortel sjølv:

"Men da ville jeg også hjem! Å være borte fra Heidal julekvelden var utenkelig. Og så trasket jeg på mine ben de 28 engelske mil (vel fire norske mil) i nysne til knes mesteparten av veien."

 

 

 

Lenkjer
Bøker av K.Prestgard
Kjelder

 

 

Til Amerika

Etter folkehøgskuleopphald i Gausdal, Seljord og Danmark arbeidde han i 1891/92 ved "Oplandenes Avis" på Hamar.

Sommaren 1893 var det verdsutstilling i Chicago.

No ordna Kristian seg med avtalar med nokre danske, eit par svenske og ei norsk avis: Han skulle skrive artiklar frå verdsutstillinga. - Og så travelt hadde han det at han ikkje ein gong rakk ein snartur heim til Heidal før han reiste.

"Jeg skulle jo ikke bli lenge borte"

Men det skulle vare ein god mannsalder før han såg heimbygda att. - Fyrst 34 år seinare - i 1927 - gjorde han den einaste turen tilbake til Heidal og Noreg.

I mellomtida hadde han opplevd mykje og gjort karriere i USA. Han vart redaktør i Decorah-posten i 1898, og sjefredaktør same staden i 1923.
Nokre år tidlegare, i 1897, gifta han seg med Orlaug Musum frå Flatanger. Dei fekk tre døtre. Den eine døydde ung, og Orlaug var og mykje plaga av sjukdom i dei 25 åra dei fekk saman. I boka "Tilbake til heimbygda" skriv han som føreord:

Til minne om
Orlaug, min hustru,
som trofast bar bildet av sin heimbygd i hjertet i fem og tyve år,
men aldri fikk se den igjen. - -
                                K.P

 

 

 

Faksimile av Decorah-Posten
Illustrasjon frå boka

 

 

 

Ved sida av avisarbeidet og det andre han dreiv med, fekk han merkeleg nok òg tid til hybridisering av gladiolusplanter. Han starta med dette i 1907 og dreiv på i 25 år  saman med dr. C. Hoeg
Eit år hadde dei over 18 mål med gladiolus, heldt 7 mann i arbeid det meste av sommaren - og vann eit utal premiar ved utstillingar av ymse slag.

Seinare fekk Carl Fischer gjennom ein mellommann overta laukane til Prestgard. I følgje artikkelen: A History of Minnesota Floriculture:

"the outstanding hybridizing stock of Kristian Prestgard of Decorah Gardens"

Fischer odla vidare og  fram til 1979 vann han 39 "All American Awards" og vart òg kjend utanfor USA for dette arbeidet.
- Men grunnlaget for dette vart altså lagt av Kristian Prestgard.

Henriette C. K. Naeseth  fortel i sin artikkel om Kristian Prestgard at han kvar sundagsmorgon om hausten bar med seg store bukettar med gladiolus gjennom byen - til Orlaugs grav.
("Each Sunday morning during the late summer Prestgard carried great bouquets of his glorious gladioli across the town to his wife's grave in the hillside cemetery.")

 

 

 

Gladiolus illyricus
(Illustrasjonsbildet er lånt frå Wikipedia. Det er teke i Algarve i Portugal, , av Carsten Niehaus i mars 2004)

 

 

 

Jørgine Slettede Boomer

Da Kristian Prestgard i 1927 reiste attende til Noreg  - var dette eigentleg på invitasjon frå den norske stat.
Saman med elleve andre bladmenn frå USA skulle han reise rundt i landet og få informasjon om tilhøva her heime - noko som så  skulle gje seg utslag i artiklar om Noreg i New York Times og andre storaviser i Statane - og sjølvsagt og i den viktigaste avisa for utflytta nordmenn, Decorah-posten.

Dette var ein sjanse til å sjå heimbygda att for Kristian - og han reiste difor ein månad tidlegare enn dei andre.

Mellom dei han reiste saman med på "Bergensfjord" var det òg to - tilsynelatande - nokså 'reserverte verdensdamer'.
Den eine sat med den nyaste boka av Ole E. Rølvaag i fanget: "Giants in  the Earth". - Rølvaag var ein av dei beste venene til Prestgard - og den felles interessa førte til at dei seinare vart sitjande saman ved kaffebordet.
- Der gjekk praten på engelsk og det tok ei god stund før han vart klar over at den verdsvante kvinna han snakke med var
norsk - og ikkje berre det - ho var mest ein sambygding av han - fødd som ho var i Bøverdalen.


Gamle filmopptak

Seinare denne sommaren vitja ho han i Heidal - og han ho i Bøverdalen.
Der viste det seg at ho hadde teke opp ein del film på amerikabåten, mellom anna av Kristian - utan at han visste om det.
Desse filmkutta viste ho så fram i Villa Jotunheimen da han kom til dit på besøk.

Det er ikkje umogleg at desse - og andre filmopptak som Jørgine Boomer gjorde - kan finnast - anten i eit arkiv i Noreg eller USA - eller hos eit av borna til George, sonen til Jørgine og Lucius Boomer.

Kopiar av dette filmstoffet  frå fyrste del av førre hundreåret ville i så høve vera interessant kulturgods for kommunane i Nord-Gudbrandsdalen.

Jørgine var i det heile sers interessert i film. Ho filma mykje. - Og da den tidlegare Presidenten - Herbert Hoover - ville sjå dei ferskaste amerikanske filmavisene heime hjå seg sjølv, var det Jørgine som hjelpte han med å  installere filmapparatet i leilegheita hans på Waldorf Astoria.
(Hoover budde i mange år på Waldorf Astoria etter at han gjekk av som president. Han vart ein av dei nære venene til Jørgine og Lucius Boomer.)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kristian Prestgard og Ivar Kleiven på Kleivsetra (1927)
Kristian Prestgard og Ivar Kleiven på Kleivsetra (1927)
(Ein takk til Norddalsarkivet for løyve til å nytte bildet)
 

 

 

Ivar Kleiven og Kristian Prestgard

Kristian var 12 år yngre enn Ivar - men felles interesser og eit ønskje om nokon å rådføre seg med førte til eit livslangt venskap.
Som unggut gjekk han både sommar og vinter over Bjølstadskogen og ned Skårsbrekka til Ivar på Lalm, - og seinare heldt dei kontakten, både i folkehøgskuletida og etter at Kristian slo seg til i USA.
Ei omfattande brevveksling frå februar 1886 og fram til Ivar døydde i 1934 skal vera å finne i Universitetsbiblioteket si handskriftsamling.
Arne Odd Johnsen skreiv ein gong i eit brev til Kristian Prestgard:

"... hvis der overhodet fantes en bro over havet, så måtte den finnes i disse brev, som i nesten et halvt århundre har vært vekslet mellom to nære venner på hver sin side av havet."
 

I "Tilbake til heimbygda" seier Prestgard følgjande om Ivar Kleiven:

Ivar Kleiven er Gudbrandsdalens Snorre og Ivar Aasen i en person. Det var en lykke for dalen at den eide en mann som Ivar ...

- og han gjer redaktør Johan Filsets ord til sine:

... mennesket Ivar Kleiven var større enn både historikeren og forfatteren ... la oss alle stelle vel med ham. Hans liv er i det hele så verdifullt for  Gudbrandsdalens og Norges kultur at det må vernes om, og det på den omhyggeligste måte.


 

Sjølv vart Kristian ein sers viktig bindelekk mellom nordmenn i Statane og Noreg.
Han gjorde mykje for å  informere om kva som skjedde i gamlelandet - og skapte interesse for norsk litteratur og norske tilhøve i USA.  Men gjennom det han skreiv var han og ei viktig kjelde for styresmakter og aviser her til lands.
I 1925 var han medskipar av "Det norsk-amerikanske historielaget" (NAHA)

For dette arbeidet vart han mellom anna heidra med "Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden" og "Kommandør av St. Olavs orden" - og han vart Heidersdoktor i litteratur ved Luther College.

 

Ein kort artikkel som dette kan berre ta opp nokre få hendingar i livet til Kristian Prestgard - så den som vil vite meir om dynamitt-transporten til Bjørnson, oppveksten i Heidal, samværet med Per Sivle, vandringa saman med to danske folkehøgskulejenter gjennom den norske fjellheimen over til Stord og Bergen og attende gjennom Sogn og Bøverdalen, overfarten til USA, tida i Chicago og Decorah, bladmannsreisa til Nordkapp - og mykje, mykje meir - lyt sjølv lesa "Fra Heidal til Decorah - Veien jeg gikk" og dei andre bøkene han skreiv.

 

 

 

 

 


Bøker av Kristian Prestgard:
 


"Norske Kvad 1814-1905" (Diktantologi)
"En sommer i Norge  I  - Fra den gamle heimbygd"
"En sommer i Norge II - Bladmandsferden"
"Streiftog. Stemninger og skildringer"
"Tilbake til heimbygda" ("Fjords and Faces")
"Fra Heidal til Decorah - Veien jeg gikk"

"Symra"
(Tidsskrift - frå 1905 til 1914 - norsk historie, litteratur
                    og åndsliv.) 
Symra vart gjeve ut av Kristian Prestgard
                    og Johs. B. Wist.

 

 

 

 

 

 


Kjelder:


I tillegg til bøkene til Prestgard er desse kjeldene nytta:

Gudmund Harildstad
     Intervju med Gudmund Harildstad

Kåre H. Bakke: Kristian Prestgard og Decorah-Posten (i Gåmålt og nytt frå Sel III)

Arvid Møller: Jørgine Boomer

A History of Minnesota Floriculture

Nasjonalbiblioteket (Avd. Oslo)

NAHA-online - Symra: A Memoir
     by Einar Haugen

NAHA-online - Kristian Prestgard: An Appreciation
    
By Henriette C. K. Naeseth

 

 

 

 

 

 


Lenkjer:


NAHA

Heidal


 

 

 

 

Boka "Fra Heidal til Decorah" er å få kjøpt av Gudmund Harildstad.
Prisen er 150 kr (inkl. frakt).

Adresse: Gudmund Harildstad, Benneches gate 2, 0169 Oslo

Tlf. 22 46 30 41 (privat) eller 22 85 43 90 (kontor)

E-post:
gudmund.harildstad@iln.uio.no

Les om boka her

 

 

 Webartikkel: Geir Neverdal
www.otta2000.com