frå 1826/27

- og litt til om dei andre støttene i Kringen


 


www.otta2000.com
Web: Geir Neverdal
(Sist oppdatert: 27.03.2013)
               

           
   

Sebastian Span -1647
Christian VI - 1733

Edvard Storm - 1781
Dei fyrste støttene (Austlid)
Dei fyrste støttene (Angell)

Dei fyrste støttene (Bloch)

Klebersteinstøtta frå1826/27
Henrik Wergeland

Støtta frå 1912
Kristen Holbø
Skotsk minnesmerke (1999)
Kjelder

 


Utsnitt frå Sebastian Spans gruvekart (Rustgruvene)

Sebastian Span

Sebastian Spans gruvekart fra 1647 viser ei tretavle i Kringen – 35 år etter slaget. (Kopi frå 1814)
 


Christian VI - 1733

Christian VI drog i 1733 gjennom Gudbrandsdalen på si einaste Noregsreise. Han passerte også Kringen ”en meget slem Precipice”
I følgje med kongen reiste målarar som ”foreviga” delar av reisa gjennom til dels dramatiske bilete.

 
På måleriet frå Christian VI si reise gjennom Kringen i 1733 ser vi ei steinstøtte med mono-grammet til Christian V.
Det kan tyde på at det vart sett opp eit stein-minnesmerke om lag 50 år tidlegare - da Christian V
(1646-1699) - i 1685 reiste gjennom Kringen.

Eit tankeeksperiment:

Dersom steinstøtta eksisterte i 1733, men ikkje i 1806 da Bloch skreiv om Kringen, - kva kan ha hendt?

Kan grunnen vera Storofsen i 1789?
Ras den gongen skal ha endra den søre delen av Kringenområdet.

Kanskje kan ein finne att restane av støtta ein eller annan stad på botnen av Laugen?

       

 


Edvard Storm

I Zinklarvisa til Storm heiter det i siste verset:

"End kneiser en Støtte paa samme Sted,
Som Norrigs Uvenner mon true.
Vee hver en Nordmand, som ei bliver heed,
Saa tidt hans Øine den skue! "

Denne visa skreiv han i slutten av 1781, omlag 170 år etter slaget i Kringom (ifølgje Dansk biografisk Lexicon XVI Bind)
Kva slag støtte det var, seier ikkje visa noko om.
(Storm budde på denne tida i København og det var over 10 år sidan han hadde vore heime i Norge.)
 

 


Dei fyrste støttene (Austlid)

Andreas Austlid fortel i boka si (vel 100 år seinare) at det vart reist ein endefram trekross i Kringom, der Sinklar fall ...

"... Men i 1773 ( - Dette er vel ein trykkfeil, årstalet skal vera 1733) skulle kong Kristian VI gjera ei ferd til Trondheim. Han  fór opp etter Gudbrandsdalen. Då var det ein som gjorde ei stor tavle og spikra fast på krossen, og så skreiv han på tavla:"

"Mod, troskab, tapperhed og hvad der giver ære,
den hele verden kand blandt norske klipper lære
En prøve er der seet af saadan tapperhed
blandt klipperne i nord, ret just paa dette sted;
er et helt bevæbnet corps af nogle hundred skotter
her bleve knusede fast liksom lerpotter;
de fandt, at tapperhed med troskab og med mod
i gudbrandsdølens brøst i fulde esse stod.

Jørgen von Sinklar som skottenes anfører,
han tænkte ved sig selv, mig her slet ingen rører;
men se, et lidet tal av bønder for ham var,
som hannem dødens bud av krud og kugler bar.
- Vor nordiske monark, kong Kristian den sette,
til ære paa hans vei vi have opsat dette.
For ham vi rede er at vove blod og liv,
indtil vor aand gaar ud og kroppen lægges stiv."

 

Denne tretavla fekk ein brå ende, dersom det Austlid fortel er sant.

"Den tavla hekk der og brikte ei lang tid.
Så kom ein engelskmann farande og fekk sjå henne. Han drog opp pistolen og sette nokre kuler i henne så ho klovna. No er både krossen og tavla borte."


Dei fyrste støttene (Angell)

H. Angell seier derimot i si bok "Skotteferdi eit 300 Aars Minne" (1912) at det i lang tid stod ei steinstøtte i sjølve Kringom, i Sinclairsdokka - med følgjande innskrift:

"Her blev Oberste Georg Sinclar skudt dend 26 Augusti Anno 1612"

Han fortel vidare:

"I 1733 drog Kristian VI gjenom dalen, og daa vart det sett ei ny stytta. Det var ein trekross med ei tretavla paa og eit langt og kjent dikt"
(sjå diktet hos Austlid høgre opp på sida - med nokre mindre variasjonar i teksten)

... Angell var nok ikkje vidare imponert av dette diktet. Han held fram:

"... Jamvel um dei tvo fyrste linorne er av sjølve bisp Kingo, jamvel  um dei tvo linorne vart sette paa "kongens reisedalere" og soleis spreide vida omkring - det hjelp ikkje alt saman, det er ingen skade, at tavla no er burte."



"Kringen i Gudbrandsdalen"
 -
av Joachim Christian Geelmuyden Gyldenkrantz Frich

Maleri av Joachim Christian Geelmuyden Gyldenkrantz Frich (1810-1858).
Frich reiste i Gudbrandsdalen i 1845. På denne tida var  klebersteinstøtta som er vist øverst på sida alt sett opp i Kringen, noko maleriet ikkje viser.
Støtta på dette maleriet minner meir om den trestøtta Bloch nemner (sjå nedanfor)

Ei mogleg forklaring kan ligge i det Ingeborg Ydstie seier i artikkelen om Frich i Norsk Biografisk Leksikon: "Det omfattende studiematerialet han skaffet seg på sine årvisse reiser i Sør-Norge, gav ham et rikt og variert grunnlag for å bli en av de flittigste bidragsyterne til Chr. Tønsbergs populære litografiske verk Norge fremstillet i Tegninger (1846–48).
En del av disse skissene har riktignok vist seg å være basert på franskmannen August Meyers bilder."
Han kan altså ha lagt eldre skisser/maleri til grunn for sin versjon.

Ydstie nemner òg: "Joachim Frich spilte en betydelig rolle i 1840- og 1850-årenes norske kunstliv, ikke minst fordi han hørte til det fåtall kunstnere som var bosatt i hjemlandet. De seks dekorative arbeidene som han malte for spisesalen i lystslottet Oscarshall på Bygdøy, regnes som hans hovedverk."

Maleriet er å sjå i Sinclair-samlinga "Skottetoget 1612" hos Jon Selfors i Vertshuset Sinclair på Kvam.

Takk til Jon Selfors for lån av bildet.
 

Dei fyrste støttene (Bloch)

Niels Hofman Sevel Bloch reiste gjennom Gudbrandsdalen i 1806.  Han skriv i boka si "Reise-iagttagelser eller Udtog af en dagbog holden paa en reise fra Trondhjem til Christiania i aaret 1806":

"Paa en Træstøtte under en tyk den beskyggende Birk (hvilken Prospect findes temmelig rigtig tegnet i Vignetten foran sal. Edvard Storms Digte), findes den bekjendte Inskription:

Mod, Troskap, Tapperhed, og hvad der giver Ære,
den hele Verden kan blant norske Klipper Lære

(+nokre liner frå Storms dikt)

Neden under stod: reparert 1802.
En synderlig Ting er det, med hensyn til en Træstøttes liden Varighed, at dette Mindesmærke er ikke bekostet af norsk Marmor eller Sandsteen af nogle af de formuede Embedsmænd eller Godseiere her i Dalen !- men at de havde overladt Æren af denne Støttes Oprettelse til Almuen. Skulde det, fristes man maaskee til at spørge, ikke være en rig Patriot endog uden for Dalen værdigt, at forevige ved en smagfuld Marmorstøtte paa dette Sted, en saa vigtig Tildragelse ?"

(Sitatet er henta frå Kvam Historiske Forening si avskrift)

Bloch var ikkje den einaste på denne tida (rundt 1800), som  ville ha eit betre minnesmerke, - og etter nokre år ser det ut til at dette ønsket vart stetta:


Dette kortet er vel laga ein gong mellom 1855, da "nyvegen" vart bygd gjennom Kringen - og
1912 da den nye Kringenstøtta til Kristen Holbø vart sett opp.

Takk til Norddalsarkivet i Vågå for lån av bildet.

 


Klebersteinstøtta frå 1826/27

Den nest siste støtta, klebersteinstøtta på bildet ovanfor, skriv seg etter det Angell fortel frå fyrste del av 1800-talet.

"I 1827 sette ein gudbrandsdøl (Kven?) ei klebersteinstytte ved garden Søre-Kringelen eller "Plassen".
Heilt til 1838 stod steinen utan innskrift.
I 50-aarom vart vegen umlagd, og daa flutte dei steinen ned til nyvegen."

"Der stend skrive:

 Erindring
      om
Bøndernes
Tapperhed
    1612"

Thomas Michell skriv (i 1886) at ein privatperson sette opp ei klebersteinstøtte i 1826  i Kringen:

"Yet another post in commemoration of the battle was set up by a private individual in the year 1826, a little to the north of Kringlen, at the farm of Pladsen or Söndre (South) Kringlen. It is almost five feet high, of soapstone, and in the form of an obelisk surmounted by a ball."

Han meiner altså at dette skjedde eit år tidlegare enn det Angell fortel.
I boka si har han òg følgjande illustrasjon av støtta (frå 1886?).

 

Illustrasjon frå Thomas Michell: History of the Sottish Expedition to Norway in 1612
 


Kven reiste støtta?

Henrik Wergeland nemner i ein tekst  frå juli 1842  "Storthings-manden, Gudbrandsdølen Ole Haagenstad":

"... Tolstadæten ... hvortil  Ole Haagenstad ogsaa hører. Det var Mænd af den, som grov Graven ved Kringen. Ole har sat en Støtte der (mi utheving); men han har selv været en Støtte for Norges Nutid ..."

Var det Haagenstad som fekk sett opp klebersteinstøtta i 1826/1827? Kven laga i så fall dette minnesmerket? - og - dersom Angell har rett i at støtta sto utan innskrift i elleve år -  kvifor tok det så lang tid? Var det usemje om kva som skulle stå der - eller var det andre grunnar?

Haagenstad var i alle høve ein velståande mann etter den tids mål. Wergeland seier det slik:

"Foruden det betydelige, velopdyrkede Haagen-
stad og Gaardene Rottem og Mittre Raastad, samt et Par mindre
Brug i Vaage, hvorpaa alt han intet skylder, besidder han en
kontant udestaaende Formue af vel over et halvt Snees tusinde
Daler, og er saaledes efter Tidernes Omstændighed udentvivl
Gudbrandsdalens rigeste Mand."

Han møtte òg som "Odelsthingsmedlem paa det første overordentlige Storthing i 1814". - og vart deretter vald inn gong på gong til Stortinget (sjølv om han to gonger nytta seg av retten sin til å nekte attval).
Han var såleis ein respektert mann i amtet.
Wergeland gjev han òg mykje av æra for to tidlege vegstykke i Nord-Gudbrandsdalen - Slådalsvegen mellom Vågå og Lesja - og vegen over Vågårusta mellom Sel og Vågå:

" ... ved Haagenstads Virksomhed gaaer der nu en velbanet Kjørevei fra Laurgaard i Gudbrandsdalens Hoveddalstrøg over Rustens Skraaninger til
Sveen i Vaages Kirkbygd, og ligeledes en over Slaadalsfjeldet
3 Mile til Lessja, hvorved den vigtige Forbindelse er aabnet med
Romsdalen og Havet baade for Vaage og Lomb"


Denne teikninga av L. Skramstad (1855-1912) kjøpte eg på eit antikvariat i Bergen.
(Ho er henta frå ei bok, - trykt tekst på andre sida av arket skin igjennom.)
Under teikninga har nokon skrive årstalet 1873. Om dette årstalet gjeld boka eller teikninga (eller noko anna) veit eg ikkje, men Ludvig Skramstad gjorde i følgje nettstaden www.skramstad.no studiereiser gjennom Gudbrandsdalen i åra 1874 og 1875 og kan ha laga illustrasjonen da.


Kvifor ville ein ha ei ny støtte i 1912?

Nasjonalitetskjensla kravde vel sitt. 300-årsfeiringa av slaget ved Kringen fall nokre få år etter unionsoppløysinga i 1905, og ein kjende vel ein trong til eit større og meir imponerande minnesmerke enn det gamle - som hadde vorte noko ille medfare.

Tagging er ikkje noko nytt, slikt kunne vera eit problem før i tida òg:

"Raa menneskjor hev skjemt steinen. Dei hev skore sine tome daamlause namn inn i det blaute grjotet." (H. Angell)

... dette var nemnt som éin av grunnane til at ein ville ha eit "nytt og verdugt minnesmerke" i 1912.

I dag står den gamle støtta ovanfor vegen (E6), eit par hundre meter nord for Holbø si støtte.
Kula på toppen er no borte.

Thomas Michell har i boka si frå 1886 ein illustrasjon som viser omlag kvar plasseringa var:

Her er støtta teikna inn (D).
170 fot over elva er òg tømmer- og steinvelta teikna inn (C).
Tømmervelta var ikkje nemnt i dei første tekstene som fortel om hendingane i Kringen i
1612, og det er i dag tvil om ho i det heile har
eksistert. (Sjå Bondevik s.38ff)

 


Støtta frå 1912 - 300-års markeringa
 

 

Til jubileet i 1912 gjekk gudbrandsdøler i Norge og utflytta døler i Amerika saman om å reise eit nytt minnesmerke.

Ola Tamburstuen fortel m. a. at monumentet kosta 2250 kroner. I tillegg kom 400 kroner til kunstnaren Kristen Holbø frå Vågå som fekk i oppdrag å lage den nye kringenstøtta.

Pengehjelpa frå døler i Amerika

I 1909 (12. sept.) slo Fargo-laget i Nord-Dakota og Kringen-laget i Wisconsin seg saman til Gudbrandsdalslaget i Amerika. Pastor Lars P. Thorkveen var den fyrste presidenten - og ei av dei fyrste oppgåvene vart å samle inn 200 dollar til reisinga av Pillar-Guristøtta ved Kringen i Sel.
Thorkveen reiste til Kringen for å vera til stade ved avdukinga i 1912.
(Edna og Georg Gilbertson "Bygdelag i Amerika"
(omsett av Per  Åsmundstad) i Årbok for
Gudbrandsdalen 1982, s.108)

 
     
 

Det hadde ikkje vore budsjettert med løn til Holbø og den saka var framme i avisene to gonger før avdukinga. Dette året tente han 700 kroner - ein god del mindre enn ein jarnbanearbeidar (sjå nedanfor) (Teigum, Bygdabok for Vågå og Sel bd. 4 s.70f).

 

 

 

Same året hadde jernbanearbeidarane på Otta-Dombåsanlegget ei årsløn (akkordarbeid) på 1050.- kroner  (- og dei streika i fire månader for å få heva denne), fortel Teigum (Bygdabok for Vågå og Sel bd. 4 s.71).
Monumentet kosta slik ein del meir enn to årsløner for ein tungarbeidar på denne tida.

 
 

Ved avdukinga var Kong Håkon, statsminister Bratlie og mykje anna kjent folk til stade. (Ekstratog var sett opp frå Oslo)

 
       

Kong Håkon VII (ca 1906)

Utsnitt fra et foto som skulle benyttes på postkort
(tatt av den norske fotografen Gustav Borgen 1865-1926)
Wikipedia

Statsminister Bratlie

Jens Kristian Meinich Bratlie var Norges statsminister, forsvarsminister og revisjonsminister fra 20. februar 1912 til 31. januar 1913. Wikipedia

     
 



Kong Håkon og Trond Eklestuen i Kringen 1912

Erland Grev nemner i artikkelen sin om Trond Eklestuen ei litt pussig hending i samband med avdukinga:

"Der noko serleg gjekk for seg møtte Trond upp og gjerne fremst. Det va stor stas i Kringom måta da den nye støtta va avduka i 1912 med frammøte tå konge og militær. Her va Trond. For å få tak på det heile hadde han krabba uppå den store steinen som va brukt som talerstol. Og da kong Håkon heldt avdukingstala sat Trond nemed føtene på om, sette eine hånde nedpå stein, kjeikte seg atti og såg uppi augom på om Håkon. Folk kun ettepå fortelje at kongen ei lang stonn stod på fingrom hass Trond og vart synleg anfekta da han uppdågå  det. Men Trond let seg ikkje merkje med di. Ein konges undersått laut finne seg ti slikt."
(Årbok for Gudbrandsdalen 1979, side 21)

(Trond Eklestuen var fødd på ein husmannsplass i Vårdale i Garmo i 1837, † 1916. Han var ein framifrå skyttar og jeger, men er vel mest kjend som oppkjøpar og samlar av bondeantikvitetar.)

 
                   

 

Kristen Holbø (1869-1953)

Far hans var frå Sogn og mor hans var gardjente på Holbø i Vågå. Her vart Kristen fødd og det var meininga han skulle ta over garden, - men han byrja tidleg å teikne og i tjueårsalderen drog han til Oslo.
Han gjekk her på Knut Bergsliens målarskule, fekk vener blant kunstnarane - mange av dei budde og arbeidde i Vågå sommaren 1894.
(Meir om "Vågåsommeren" 1894 kan du lese i Årbok for Gudbrandsdalen)

I 1894 fekk han òg høyre at ein annan vagvær, Halfdan Halvorsen, ville gje ut Edvard Storms Døleviser. Han tok da kontakt med Halvorsen og spurde om han kunne få lage illustrasjonane til dei. Dette fekk den unge kunstnaren, sjølv om han ikkje hadde gjort noko slikt arbeid før.

Seinare vart det opphald i København, fire vintrar på Kristian Zahrtmanns målarskule, stipend og Paris-opphald, før han i 1905 gifta seg med Anna Harildstad frå Heidal.
Bryllaupsreisa gjekk til Italia og der vart dei verande eit par år saman med andre målarvener.

Dei neste fem åra budde han på Holbø i Vågå, men flytta seinare til Fåberg og Lillehammer.

Fem av dei åtte maleria av Holbø som heng i Nasjonalgalleriet er måla i Sjodalen

1 1912 laga han Kringenstøtta.

(Det meste av informasjonen om Holbø er henta frå Knut Ljøsnes artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1954.



Den restaurerte Kringenstøtta i august 2012 - under 400-årsmarkeringa
Les meir om restaureringa


Skotsk minnesmerke

1 1999 fekk Pillargurikomiteen sett opp eit skotsk minnesmerke like ved den gamle klebersteinstøtta. Til stade ved seremonien var Malcolm Sinclair, Earl of Caithness (Jarlen av Caithness) og Major Niven Sinclair. Dei sto for avdukinga av steinen.


Kjelder:

Thomas Michell: History of the Sottish Expedition to Norway in 1612 (Christiania:
     T.Bennett,Tourist Agent, 1886)
Edvard Storm Døla-viser (Red: Torgeir Mageli - Dølaringen 1994)
Dansk biografisk Lexicon XVI Bind

Takk til Ola Tamburstuen for hjelp med stoff til artikkelen.
Andreas Austlid: Sinklar-Soga (Dølaringen 1962 - fjerde opplaget)
     (mykje av det han skriv er bygd på det "Ola Kvaale i Lom og Ivar Blekastad paa
     Sell" har fortalt han.)
H. Angell: Skotteferdi
EIT 300 AARS MINNE 1912 (andre opplag 1980)
Norddalsarkivet i Vågå
Årbok for Gudbrandsdalen 1954 (m.a. Knut Ljøsne)
Årbok for Gudbrandsdalen 1979, side 21. Erland Grev: Trond Eklestuen
Kjell Bondevik: Studiar i norsk segnhistorie (Aschehoug 1948)
Henrik Wergeland - Samlede Skrifter - IV Avhandlinger, Opplysningsskrifter 3.Bind:  
     1839-1842
Edna og George Gilbertson "Bygdelag i Amerika" (omsett av Per  Åsmundstad) i Årbok
      for Gudbrandsdalen 1982, s.108
Niels Hofman Sevel Bloch: "Reise-iagttagelser eller Udtog af en dagbog holden paa en
      reise fra Trondhjem til Christiania i aaret 1806" (København 1808). Her har eg
      ikkje tilgang til originalteksten men viser til ei avskrift av ein liten del av teksten
      som er lagt ut på nettet av Kvam Historiske Forening
www.skramstad.no
Norsk Biografisk Leksikon (Joachim Frich)
Ivar Teigum: Bygdebok for Vågå og Sel (4)

 

 
 


Dersom du finn feil i teksten, eller har utfyllande informasjon, er eg takksam for opplysningar om dette. Du kan sende ein e-post ved å klikke på denne linken.

2006  (G.N.)

Oppdatert 26. mars 2013
(Sist oppdatert: 27.03.2013)