Årbok for
Gudbrandsdalen er komen med sin 78. årgang. Boka vart starta i 1930 og
er utgjeven kvart år sidan bortsett frå dei to siste krigsåra. Årboka i
år er av dei tjukkaste gjennom heile boksoga, vel 300 sider med artiklar
frå 20 skribentar. Artiklane er frå Fåberg i sør til Lesja og Dovre i
nord og vest.
Siste verdskrig er handsama i fleire artiklar i samband med 70-årsminnet
for det tyske overfallet på Norge. Det er ein omfattande artikkel om
kongeflukta og dei sju-åtte dagane da både kong Haakon, kronprins Olav,
statsminister Nygaardsvold og mange frå regjeringa budde på Otta, Vågå
og Lesja. ”Da Norge vart styret frå Otta og Vågå,” er tittelen på
artikkelen, som i stor grad byggjer på dagboksnotata til oberst Nikolai
Ramm Østgaard, kronprins Olavs adjutant.
Arild Teigen har teke for seg dei store krigsskadane i Kvam og legg for
første gong fram ei samla oversikt over øydelegginga etter det store
slaget dei siste aprildagane i 1940.
Egil Ulateig er ein trufast skribent i boka. Denne gongen tek
forfattaren frå Lesja for seg den mystiske industrileiaren Israel Krupp
på Hundorp, jøde med kontaktar heilt til topps både i Norge og Israel.
Gaute E. Helland fortel om målaren Gustav Wentzel og familien som flytte
til Vågå og Lom og vart ein del av bygdemiljøet. Artikkelen er
illustrert med mange av Wentzels mest kjende målarstykke med motiv frå
Ottadalen.
Tidlegare førstekonservator Tord Buggeland tek opp eit lite omskrive
tema, nemleg dei såkalla kistebreva, fargelagde tyske og danske tresnitt
som vart limte fast på innsida av kistelokka. Særleg finst det mange
slike på dei store gardane i Nord-Gudbrandsdalen.
Årboka femner om heile Gudbrandsdalen og har som hovudoppgåve å trykke
lokalhistoriske artiklar frå heile dalen. Berre i særskilde tilfelle har
det vore temabøker, sist ved 50-årsminnet for freden i 1995.
- Vi har mykje og godt stoff liggjande, men det er alltid plass for nytt
stoff og nye skribentar, så ta kontakt med idear og artiklar, seier
årbokredakør Kristian Hosar, som etterlyser fleire kvinnelege
bidragsytarar.
Dølaringen Boklag har kontor på Lillehammer og har akkurat flytt inn i
nye lokalar i Kirkegata midt i sentrum.